top of page

Presseskriv

Mennesket sine inste lengsler er gjennomgangstema i debutalbumet La Månen Lokke Deg Inn  (mars 2020) frå låtskrivarparet Arne-Helge Byrknes og Trude Håvardstun.

Spotify: https://open.spotify.com/album/3rTOAuI4Bi1isYHryI3HVH?si=xUKQu6MwTqO9Jqx1lN2BQQ

Dei ti songene, opprinneleg publiserte som dikt av bergenspoeten Håvardstun, er tidlause betraktningar om kjerna i det å vere menneske, ei poetisk reise gjennom livets ulike fasar.

Sjangeren er melodisk visepop. Velrennomerte musikarar frå bergensområdet, som gitarmeisteren Bjarte Aasmul og bassist/korist Kai Taule, er med på å setje sitt musikalske preg på albumet.

Blå vind er moll-blues-melankoli med ei bøn om å bli sett i tunge tider med storm og regn.

La månen lokke deg inn handlar om å befinne seg i den djupaste avgrunn av fortvilelse, og om håpet og lyset som tek ein vidare.

Sånne tankar er ein country-aktig duett-ballade om tapt kjærleik, den eine ein aldri gløymer.

Sakte dans er ei sjølvbiografisk feel-good-vise, inspirert av vinterstemningar og forelskelse.

Barn er ei mor si kjærleiksvise til barnet, fra det låg under hjarta hennar til det skal forlate reiret og "flyge høgt og falle fritt".

Paradisfuglen er songen om å dra frå den ein elska, og alltid undrast på kva som hadde skjedd om ein hadde blitt.

​Svartolder er eit mørkt trekantdrama med middelaldersk stemning og eit snev av Midt-Østen i tonespråket.

Kom heim er lengselen attende til der du høyrer til, ei tilbakeskuande livshistorie mot eit bakteppe av vestlandsk natur med fjell og fjord, regnbogeglans og klungertre.

Syng meg dei stille songane er historia til ei dame med langtkomen demens, som gjennom musikken får fram minne frå barndommen og lengselen etter den ho elska.

​Svarttrost er ein liten salme som prøver å samanfatte essensen i livet - og døden.

Musikkvideo

Pressefoto for nedlasting

bottom of page