1 Blå vind

Akkordar | Lytt | Diktside

Dagen kjem med blå vind
varslar at hausten er her.
Tonen i meg er mollstemt
vil ikkje ha deg så nær.

Skyene siglar gråe.
Regnet fell nådelaust hardt.
Skodda legg seg kring bringa.
Inni meg er det svart.

Bli hos meg då.

Bli hos meg då.

Bli hos meg då.

Skuggane kryp tett ikring meg.
Frosten bit seg fast.
Eg siglar åleine i skyming.
Einsemd og lengt er mi last.

Bylgjene bryt brått der ute.
Stormen rasar mot land.
Straumen dreg meg mot botn.
Ver så min bergingsmann.

Bli hos meg då.

Bli hos meg då.

Bli hos meg då.

I blå vind, blå vind
dagen kjem med blå vind.

Stormen stilnar sakte.
Eg finn skydd og ro.
Tar deg fast i handa.
Eg blir hos deg no.

Blir hos deg no.

Blir hos deg no.

Blir hos deg no.

I blå vind, blå vind
dagen kjem med blå vind.

 

Tekst: Trude Håvardstun

Melodi: Arne-Helge Byrknes

2 La månen lokke deg inn

Akkordar | Lytt | Diktside

Eg kan sjå deg trøytne av strevet

at du går gjennom dagen

med blytunge steg.

Eg kan kjenne handa di beve

lik ospa når haustlauva dreg.

Eg kan sjå deg grave i steingrunn,

at sorgene dine

er høge som fjell.

Eg kan kjenne bøna om miskunn

lik døyande tre før det fell.

Berre ligg heilt inntil meg no.

Eg skal halde deg fast

og gje deg min ro.

Og la månen lokke deg inn.

Eg kan sjå deg gråte ved fossen,

at du står framfor stupet

og kjenner du vil.

Eg kan sjå deg breste ved krossen

lik selja når knoppar vert til.

Eg kan sjå deg kjempe mot mørke,

at ein ljosberar framleis

har plass i ditt sinn.

Eg kan kjenne tårene tørke,

slik regndropen bleiknar i vind.

Eg kan sjå deg våge og vinne,

at du trør utpå isen

og kjenner han ber.

Eg kan kjenne kulda di svinne,

lik bekken når frostnatta fer.

Tekst: Trude Håvardstun

Melodi: Arne-Helge Byrknes

3 Sånne tankar

Akkordar | Lytt | Diktside

I det inste rom i mitt hjarte

finst du som eg ikkje kan gløyme.

Dagar som gøymer deg vekk.

Eg finn deg kvar natt, eg drøymer.

I det inste rom i mitt hjarte

finst kjensler eg ikkje kan klare.

Den dagen eg tok deg i famn,

truskap og uskuld laut fare.

 

For eg har sånne tankar om deg

sjølv om åra er farne forbi.

Ei lengt som skakar grunnen i meg.

Eg har sånne tankar om deg.

 

I det inste rom i mitt hjarte

finst orda som ikkje finn kvile.

Den dagen du sa du var min

forlat at eg fekk deg å tvile.

 

I det inste rom i mitt hjarte

finst tårer som aldri fekk renne.

Den dagen eg strauk deg på kinn

og vende tilbake til henne.

 

I det inste rom i mitt hjarte

finst tankar eg ikkje kan bere.

Om natta som kunne blitt vår

Eg saknar den natta, mi kjære.

Tekst: Trude Håvardstun

Melodi: Arne-Helge Byrknes

4 Sakte dans

Akkordar | Lytt | Diktside

Tett inntil deg, septemberkveld
ljoset, glødande svann.
Havet omfamna soleglad
mot himmelkvelven si rand.

Saman i mørket, oktobernatt
såg Mjølkevegen sitt far.
Månen dykka i blånen ned.
Stjerneskot fall, eitt til kvar.

Verda var eit haustpalass
i morgonsola sin glans.
Bjørk forgyllast, berget brenn.
Du og eg, sakte dans.

I armane dine, novemberdag
kvitrosa låg over enger.
Krystallar dekka blad og blom,
på bakken fanst englevenger.

Ta handa mi, desembergry.
Skyer slepp snøfnugga fri.
Fredfullt flyg dei ned til jord
smeltar mot bringa mi.

Verda er eit vinterslott
I måneskinet sin glans.
Trea kledd med brureslør.
Du og eg, sakte dans.

Hald meg vart, skymingstid.
Stryk over panna mi, mildt.
Syng voggeviser
gjev meg di røyst.
Hjå deg eg søv so stilt.


Tekst: Trude Håvardstun

Melodi: Arne-Helge Byrknes

5 Barn

Akkordar | Lytt | Diktside

Hugsar du barn du sov i mitt liv
verda under mitt hjarte.
Du draumesymde, eg kviskra lint.
Med mjuke rørsler du svarte.

Å-å, hugsar du barn

Hugsar du barn frå mørke til ljos.
verda ny som di sjel.
Du opna augo, æva eg såg.
Gråten din gjorde meg sæl.

Hugsar du barn du låg ved mitt bryst
verda berre oss to.
Du drakk av livet, kjelda i meg.
Kjærleiksbylgjene slo.

Eg hugsar barn den vissa eg fekk
i verda, eg låner deg litt.
Slepp deg or reiret, fugleunge flyg.
Stig høgt, og så; fall fritt.

Slepp deg or reiret, fugleunge flyg.
Barn, du eig hjartet mitt.

Tekst: Trude Håvardstun

Melodi: Arne-Helge Byrknes

6 Paradisfuglen
Akkordar | Lytt | Diktside

Kva skal eg gjere med natta?
Når ho er lengre enn Kina sin mur.
Kjerna i meg slo sprekker
dagen då du stod brur.

Kva skal eg gjere med dagen?
Vintersol som ikkje lenger vil snu.
Augene dine blenkte.
Du lova å vere han tru.

Saknar du meg når eg er faren?
Dagen er lukka og lyset brent ned.
Tenkjer du på meg
når haustvinden stilnar?
Ynskjer du hadde blitt med

Kva skal eg gjere med røynda?
Varmen frå morelden finst ikkje no.
Huda mi vart så mjuk
når du strauk på ho.

Kva skal eg gjere med draumen?
Paradisfuglen som syng i det blå.
Be meg å komme attende
eller by meg atter å gå.

 

Tekst: Trude Håvardstun

Melodi: Arne-Helge Byrknes

7 Svartolder
Akkordar | Lytt | Diktside

Mi kjære har eit hjarte av stål
sinn som ei novembernatt.
Ho varmar seg på iskaldt kol.
Ein svartolder er hennar skatt.

Mi kjære er full av sjeleskår.
Ho høyrer framleis hans røyst
han som gav henne banesår.
Ei svart svane er hennar trøyst

Så mørk er mi møy.
Så mørk er mi møy.

Mi kjære kjenner at tida renn.
Ho bøyer viljug av.
Veit ho treffer han igjen.
Ein svart fiol ligg på hans grav.

Mi kjære ho elska aldri meg.
Den svartkledde tek den han vil.
Ho kviskrar farvel når ho dreg
I kveld er vinden mild.


Tekst: Trude Håvardstun
Melodi: Arne-Helge Byrknes


8 Kom heim
Akkordar | Lytt | Diktside

Det finst ein stad
der eg høyrer til.
Ein blåne stig i mot aust.
Eg kjenner varmen
frå den eg var.
Lengt gjev farge til haust.

Eg ynskte meg dagar
med regnbogeglans.
Eg freista å finne fred.
Men eg sleppte taket
då båra brast
ber krune av klungertre.

Kom heim, kom heim.
Eit pust som stryk
over fjord og fjell.
Kom heim.

Kom heim, kom heim.
Natt breier vengjer
men ljoset held.
Kom heim.

Eg drøymde om livd
langs leia eg gjekk
om somrar som aldri kom.
Om nokon som heldt
si hand over meg.
Frostjord byr vinterkorsblom.

Eg ser åra
som strøymde forbi.
Ein blindfarar i eige liv.
Kvar eg missa
og kvar eg slo brist.
Er berre dropen som driv.

Men eg har elska
så himmel vart hav.
Ei verd av kjærlege tegn.
Sørgjeband knytte i brureslør.
Eg finn deg i stille regn.


Tekst: Trude Håvardstun
Melodi: Arne-Helge Byrknes


9 Syng meg dei stille songane
Akkordar | Lytt | Diktside

Syng meg dei stille songane.
Kviskre meg dei tause orda.
Eg hugsar ikkje lenger
kven eg er
men veit eg tilhøyrer jorda.

Høyr på latter, sjå på dans,
lukkeleg var eg i barndom.
Vis meg kjærleiken frå mor,
det brest i meg, vis meg
ver varsam.

La songen ta meg attende
og syne meg dulde minne.
Eg treng å sjå meg sjølv igjen
for dagane mine svinne.

Syng meg sorga
for han eg mista
eg gløymer, eg saknar han så.
Han var min kjære, min einaste.
Det er til han eg vil gå.

Syng meg dei stille songane.
Kviskre meg dei tause orda.
Demring, no minnest eg kven eg er.
Eg vender attende til jorda.


Tekst: Trude Håvardstun
Melodi: Arne-Helge Byrknes

 

10 Svarttrost

Akkordar | Lytt | Diktside

Her vaknar du verjelaus, naken.

Mor si stemme gjev trøyst.

Her somnar du mett etter dagen,

finn fred i den same røyst.

Her skremmer skugge og mørke

vintrar med kulde og natt.

Her dansar alveeldflammar.

Med vårsola vona kjem att.

 

Her vil du be om å sleppe

skjelvande, ramnsvart i tru.

Her vil du be om nåde.

Ein time til, kjære Gud.

Her vil eit fivreld lande

varleg og sløkkje din trong.

Her vil ein svarttrost syngje

natta sin siste song.

Tekst: Trude Håvardstun

Melodi: Arne-Helge Byrknes

  • Spotify Social Icon
  • YouTube
  • Deezer Social Icon
  • Amazon
  • Facebook Social Icon
  • iTunes Social Icon